Tag Archives: Hallgeir Opedal

Lær av de beste: Hallgeir Opedal, Dagbladet

NTB-prisvinner Hallgeir Opedal er kanskje den aller beste portrettøren jeg vet om. Frekkere i penn enn i kjeft, ruver mer i spaltene enn i redaksjonen. For meg er det en ære å få jobbe sammen med ham. Mine damer og herrer: Hallgeirs beste tips kommer her. Han skriver:

Dette fekk meg til å tenke gjennom saker og ting, og då eg hadde tenkt lenge nok, laga eg meg følgande reglar for når det er lov å bruke eg/jeg.

Vi tek dei punktvis:

1. Det må ha ein funksjon/misjon/hensikt.

2. Det må ikkje sjå sjølvopptatt ut.

3. Eg-et må være naivt/dumt/sympatisk. Aldri nedlatende/bedrevitende/selvhevdende.

Altså, ein kan bruke eg når en gjer seg latterleg/morsom på egne vegne. Aldri motsatt.

4. Eg-et må aldri stå i vegen for for budskap/objekt.

Det betyr at om eg føler/tenker/opplever noe, skal det være relevant i forhold til den som vert intervjua.

5. Unngå eg-et om du kan.

Heilt generelt vil eg sei at portrettjournalistikk handlar mykje om sympati og antipati. Føler leseren antipati med journalisten, har han/hun tapt.

Om eg har noen generelle skrivereglar? Ja, det har eg. Fem:

1. Kill all your darlings. Når du leser teksten og tenker: skal eg stryke dette? Så er svaret ja. For regel nummer to er:

2. Det du stryk, kjem du aldri til å angre på.

Aldri! Men leser du teksten igjen om ein månad eller et år, så angrar du på alt du ikkje strauk.

3. Gjer det enkelt.

4. Flyt, fart og rytme.

Teksten skal flyte uavbrutt gjennom hjernen til den som leser. Ord skal lime seg til ord, setningar til setningar. Les høgt, og veksle mellom lange og korte setningar. Lange og korte ord. Og har du tid – leik deg med synonymordboka og tenk bokstavrim.

Det siste punktet, det har eg fått av sjølvaste storoksen, Arve Solstad:

5. Eit intervju er ein styrt samtale, og det er du som styrer. Og det viser seg igjen og igjen: Folk liker motstand og utfordringar.





5 kommentarer

Filed under Uncategorized